Middag med matlaging
Over 20 glade Sunnfjordiger møtte til cup-cake baking (og pynting) og til miksing av drinker, pluss ein etterfølgende middag ein haust-dag i oktober. Vi hadde lånt lokale ved sidan av trapp ned, og hadde derfor kort veg til pikant for dei som ønska å fortsette kvelden
videre etter at middagen begynte å gå mot slutten.
Det blei også tid til brettspel (ordspelet Alias, kor ein prøver å få andre til å forstå kva slags ord ein meiner, ved å bruke andre ord).
Mange møtte opp for å hjelpe til med matlaginga og til å lage drinker. Nokre blei særs ivrige når cupcakes kom på bordet og skulle pyntas med diverse typer glasur og tilbehør.
Det var brei enighet om at det var særs velsmakende cupcakes til å være første gangen det blei utført i praksis. To fra gruppa hadde tidligere på dagen vore på bilmesse i Førdehuset, der det blei demonstrert korleis ein kunne gå til verks, ved pynting av desse lekkerbiskene. Det blei kjøpt med fire velpynta eksemplarer av kalori-bombene, som vi brukte som mal når vi skulle lage våre egne varianter.
Tilbakemeldinger fra kvelden var at det hadde vore kjekt å vere med fra start til slutt. Folk fekk prata med både kjente, men stifta også nye bekjentskaper. Fleire sa at det var eit bra tiltak, og at det skjer for lite i Førde. Mange hadde kjent på ei følelse av fellesskap, og syns det var moro at ein ikkje trengte å kjenne nokon fra før, sidan alle nye blei godt tatt imot.
Alle meinte: Dette må vi gjere fleire ganger!