Gruppa har omtrent i eitt år hatt ein konkurranse gåande som alle medlemmer har kunne delta på. Oppgåva var å bidra til gruppa på ein eller annan måte. Det er mange måter dette kan gjerast på, for forslag sjå gjerne meir info på denne bloggen, det ligg ein eigen kategori kor det står “måter å bidra til gruppa på”.
Personen som stikk av med førstepremien, vil bli annonsert imorgon. Den heldige vinn då eit gavekort på 500,- som kan brukes på alle handelshusa. Alle har sjanse til å vinne, men dersom ein person har bidratt mykje, får han fleire “stemmer”. Pr. dags dato har 70 svara ja på at dei har bidratt, det er også nokre auto-nominasjoner i tillegg (som ikkje har svara ja, men som fortjener å vere med i konkurransen). Det har så langt vore eit flott engasjement hos mange av deltakerene, og nokre fortjener ekstra stor takk for å ha bidratt mykje. Vi set like stor pris på alle som har gjort noko, om det så er å fortelje om gruppa til kjende, og vi er glad for at alle som har møtt på treff, nesten uten unntak, har møtt opp fleire ganger, då vi ser dette som eit teikn på at det vi har fått til så langt, har vore vellukka. Det har blitt mykje latter, samarbeid og læring. Sidan vi har hatt fleire kurs, sit fleire medlemmer no med kunnskaper om korleis ein fletter hår, lage kort, hekling og korleis en pynter cupcakes. I tillegg har dei fleste blitt kjend med nye fjes, og alle har vore like velkomne kvar gong.
Boka historien om Pi, hardcover
Premiene er: Bok fra norli, gavepakke fra Sunkost, Mozel (kle) og fra Kremmerhuset, tesett fra Ting og ei elektrisk kjøkkenvekt. Det blir også nokre småpremier som fordeles utover dagen.