02.FEBRUAR 2013. EITT ÅR SOM ORGANISASJONVi begynte kurs og aktivitetshelga med en rask tur på butikken for å kjøpe inn mat som vi trengte til kurset. Det blei kjøpt inn laks, kylling, basisvarer til supper, tiramisu og salat, i tillegg til noko å fukte strupa med. Vi handla i rekord-fart sidan det ikkje var lenge til første aktivitet begynte; Nemleg stress-mestringskurs. Sidan vi allereie var litt seint igang, begynte vi i realiteten ikkje med forelesning før klokka var nærmare halv tolv. Vi var rundt 8 oppmøtte, som skulle lære meir om stress og korleis håndtere det på best mogeleg måte. Kannan begynvi lærte stress-mestringte ballet med kloke ord omkring våre tanker, og korleis vi kan vere med på å endre dei slik at dei tjener oss best mogeleg. Kannan har jobba med dette i mange år, og kom med gode og forståelige eksempel som andre kjente seg igjen i. Det var god stemning, og folk spurte om det dei ønska. Med figurer og teikninger blei det endå lettere å forstå kva som var meint. Etter ca 30 min med oppvarming, kom psykologen på banen. Det blei snakka om håndtering av stress i familie, og gjort ein konkret øvelse der ein person i salen kom fram for å lære seg nedroande teknikker. Etterpå fikk alle prøve i gruppa, og personen som var valgt, sa at ho kjende seg roligare. Det kom også mange spørsmål her, og konklusjonen var at vi som mennesker har stor evne til å ta styring over liva våre, på ein god måte som også tjener andre. Stress er i utgangspunktet ein fornuftig reaksjon, som vi kan bruke til vår fordel om ein berre veit korleis. Etter dette, hadde vi ei kort pause før det braka laus med fotokurfotos. T.Hanevold fra Førde fotoklubb stilte opp, og både fortalte og viste eksempel på korleis ein kan ta gode bilder. Han kom med mange tips, både for dei som hadde speil-refleks og for brukere av kompakt-kamera. I over ein time fikk vi vite innsider-hemmligheter og fikk spurt om ting vi lurte på. Etter dette såg vi bilder til Hatlestad og snakka noko om lys/blending. Sigurd fra fotoklubben var også tilstede, og kom med nokre opplysninger som dei oppmøtte tok imot. Dei som ville hadde heile tida mulighet til å sjå utstillinga av biologisk mangfald, som var nede heile tida. Det var røyskatter, krabber, sjøstjerner, slanger og frosker som såg ekte ut, og som ein kunne ta på. Det var ikkje monge barn innom, men dei som kom blei tatt vel imot av ein kunnskaps-rik naturverns-medlem som stod tilgjengelig heile dagen. Nokre satt også og lagde kort/scrapbooking i stova.

Etter nokre kopper kaffi og ei prate-pause, satte vi igang med matlaginga fra klokka 17.00. Vi delte oss i to, slik at nokon jobba med fisk og kylling, mens andre fokuserte på suppe og dessert.

Tiramisu fra bunnen!

Tiramisu fra bunnen!

Vi hadde to gode kjøkken tilgjengelig, og hadde også med oss ei ivrig jente som sprang opp og ned for å hente det vi måtte trenge fra det andre kjøkkenet. Folk kunne komme og gå som dei ville, og gikk av og til opp og ned for å sjå kva som foregikk. Folk jobba godt med oppgavene dei blei satt til, og det blei laga både salat, falafel, blomkålssuppe, kyllingrett, laks med tilbehør, tiramisu og oreokake. I tillegg blei det også skjært opp grønsaker som folk kunne forsyne seg av. Litt før åtte sat dei fleste ved borda, og vi kunne endeleg innta måltidet som vi hadde gått og snusa på. 14 oppmøtte sendte rundt skåler med den velluktande maten, og også Jørn Kvalheim kom innom ein tur før han måtte videre til akutten der han skulle halde konsert.

folk kosa seg med mat!

folk kosa seg med mat!

Resten av oss sat igjen, og åt opp nesten alt saman, og folk blei gode og mette. Litt over ti gikk dei fleste til akutten, kor det blei musikk for alle penga. Kvalheim gjorde ein glimrande konsert, og det var god stemning i salen. Folk svingte noko på dansefoten, og sat også berre å prata. Det blei godt besøk, og dei fleste kunne sei seg fornøgd med en strålande markering av aktiviteter i Førde sitt første år som organisasjon.

full sving på akutten med Jørn T. Kvalheim

full sving på akutten med Jørn T. Kvalheim

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s