Gruppa blei danna av ein psykolog (feb.2012) etter at fleire i Førde-området hadde etterlyst meir aktiviteter i helger og i kvardagen. Mange valde å reise vekk, då det var lite å finne på når helga kom.
Først og fremst er gruppa danna for alle sosiale og livsglade folk som bur i eller reiser heim til trivsels-fylke, og som ønsker å få oversikt over kva som skjer i Førde og nærliggande områder. Vi ønsker også å inkludere folk i alle aldersgrupper og med forskjellige interesser. Først var dei meininga at dette skulle gjelde Førde, men etterkvart blei dette utvida til også å omfavne arrangement andre stader i fylket. Innbyggjerane kunne dermed enten bli med på noko som allereie skjer, eller vere kreativ og komme med eigne forslag til aktiviteter.
Tanken var, og er fortsatt, at vi kan få ting til å skje om vi verkeleg ønska. Forslaga kunne med andre ord vere alt fra lysstøyping, trim-turer, diskusjoner om visse tema, tur-forslag, klubber, rafting og oppstart av klubber. Det var stor entusiasme rundt konseptet, og vi fikk snart arrangert noko av det som blei etterspurt.