Tidligere arrangement

Vi begynte i det små, med å informere Sunnfjordinger om facebook-gruppa som var oppretta og ved å informere om målsetjinga.
Vi brukte også tid på å kartlegge behovet: Kva ønska folk å få til meir av? Var det noko som mangla? Førde hadde eit rikt og variert tilbod innan sport, men mindre kurs-aktivitet der alle kan møte og lære noko. Målsetninga var derfor å fylle dette behovet i nokon grad. Det var også interesse for arrangering av byttekvelder, og å få til ein felles tur med forskjellig innhald.

Den første aktiviteten som blei arrangert, var ein byttekveld på pikant. Dette blei annonsert gjennom gruppa. Dei sommøtte hadde med bøker, gjenstander og nokre klede, og nokon satt rundt eit bord og prata. Etter dette ble det jobba meir med markedsføring, og gruppa deltok i «gi-en tier» konkurranse, kor gruppa til slutt vant 3000 kr som skulle brukes til en bedre felles middag. Denne arrangerte Aktiviteter i Førde i august, og dei som møtte fikk eit måltid med god tapas (bildet).Gratis tapas på pikant Det ble og arrangert en cupcake/middagskveld en månad seinare, med rundt 20 oppmøtte. Dette var ein stor suksess, dei som kom ga gode tilbakemeldinger i etterkant. Det blei også diskutert om det skulle gjennomføres rafting, men ein enda til slutt opp med å satse på ein annan type kurs: Nemlig hår og flettekurs. Vi lærte teknikker for fletting

Her møtte jenter som ønska å lære meir om oppsett av hår, og flinke frisører viste fram teknikker som deltakerane etterpå fikk øve seg på. Dei frammøtte fekk også sjansen til å analysere sitt eige hår.

I september blei det også arrangert pro-maker kurs (lage kort/scrapbooking) med kursleder fra Østlandet. Her var det rift om plassene, og medlemmer av gruppa fikk vere med på kurset til svært hyggeleg pris. I tillegg blei interessen for hobby tatt eit skritt videre, ved at det blei oppretta hobbykveld på bikuben kvar månad. Det har til saman vore tre slike treff, der folk sjølv har tatt med materiell, og der ein enten har laga kort, scrappe-sider eller kun komme for inspirasjonens skuld. Dei oppmøtte har gitt tilbakemelding om at det har vore nyttig, og har inspirert ein til å prøve noko nytt. I tillegg har det vore sosialt, og dei fleste har fått sjansen til å møte enda fleire kjekke Sunnfjordinger.

Det blei også arrangert middag i oktober der vi øvde oss på pynting av cupcakes. Vi hadde nokre modeller som vi då jobba utfra, og lagde cup-cakes fra bunnen. Vi øvde oss også på å mikse drinker, og over 20 møtte opp på det som blei en flott festmiddag med dessert.cuppie Dette var både Sunnfjordinger, og folk som kom fra Bergen og andre områder. Tilbakemeldinger fra kvelden var at dette måtte gjentas, og at det var moro å kunne gjere noko aktivt, samtidig som en var sosial. Nokre valgte også å spele ei runde med Alias (ein forklarer kvarandre ord), og det var høg temperatur med sunt konkurranse-instinkt i lokalet.

Det blei også arrangert strikke/heklekurs kor dei oppmøtte kunne lære noko nytt, uansett nivå. Ein fikk vite korleis masker skal legges opp, eller blei guida av kursleder (S. Øvrebotten) dersom dei trengte hjelp til meir avanserte teknikker.

Gjennom dette året har gruppa med andre ord fått til forskjellig type kurs, og det rettes stor takk til alle som har vore med på å gjere dette mogeleg. Dette gjeld alle medlemmer i gruppa, som har videreformidla kurs/arrangement, dei som har leigd ut lokale, stilt opp som kurs-ledere og sjølvsagt til alle dei som har deltatt på kurs. Det meste av arbeidet har basert seg på frivillig engasjement, og utan dette, hadde prosjektet ikkje komme nokon stad. Vi håper på videre samarbeid med bedrifter, organisasjoner og enkeltpersoner for å skape eit enda betre tilbod i framtida.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s