02.FEBRUAR 2013. EITT ÅR SOM ORGANISASJONVi begynte kurs og aktivitetshelga med en rask tur på butikken for å kjøpe inn mat som vi trengte til kurset. Det blei kjøpt inn laks, kylling, basisvarer til supper, tiramisu og salat, i tillegg til noko å fukte strupa med. Vi handla i rekord-fart sidan det ikkje var lenge til første aktivitet begynte; Nemleg stress-mestringskurs. Sidan vi allereie var litt seint igang, begynte vi i realiteten ikkje med forelesning før klokka var nærmare halv tolv. Vi var rundt 8 oppmøtte, som skulle lære meir om stress og korleis håndtere det på best mogeleg måte. Kannan begynvi lærte stress-mestringte ballet med kloke ord omkring våre tanker, og korleis vi kan vere med på å endre dei slik at dei tjener oss best mogeleg. Kannan har jobba med dette i mange år, og kom med gode og forståelige eksempel som andre kjente seg igjen i. Det var god stemning, og folk spurte om det dei ønska. Med figurer og teikninger blei det endå lettere å forstå kva som var meint. Etter ca 30 min med oppvarming, kom psykologen på banen. Det blei snakka om håndtering av stress i familie, og gjort ein konkret øvelse der ein person i salen kom fram for å lære seg nedroande teknikker. Etterpå fikk alle prøve i gruppa, og personen som var valgt, sa at ho kjende seg roligare. Det kom også mange spørsmål her, og konklusjonen var at vi som mennesker har stor evne til å ta styring over liva våre, på ein god måte som også tjener andre. Stress er i utgangspunktet ein fornuftig reaksjon, som vi kan bruke til vår fordel om ein berre veit korleis. Etter dette, hadde vi ei kort pause før det braka laus med fotokurfotos. T.Hanevold fra Førde fotoklubb stilte opp, og både fortalte og viste eksempel på korleis ein kan ta gode bilder. Han kom med mange tips, både for dei som hadde speil-refleks og for brukere av kompakt-kamera. I over ein time fikk vi vite innsider-hemmligheter og fikk spurt om ting vi lurte på. Etter dette såg vi bilder til Hatlestad og snakka noko om lys/blending. Sigurd fra fotoklubben var også tilstede, og kom med nokre opplysninger som dei oppmøtte tok imot. Dei som ville hadde heile tida mulighet til å sjå utstillinga av biologisk mangfald, som var nede heile tida. Det var røyskatter, krabber, sjøstjerner, slanger og frosker som såg ekte ut, og som ein kunne ta på. Det var ikkje monge barn innom, men dei som kom blei tatt vel imot av ein kunnskaps-rik naturverns-medlem som stod tilgjengelig heile dagen. Nokre satt også og lagde kort/scrapbooking i stova.

Etter nokre kopper kaffi og ei prate-pause, satte vi igang med matlaginga fra klokka 17.00. Vi delte oss i to, slik at nokon jobba med fisk og kylling, mens andre fokuserte på suppe og dessert.

Tiramisu fra bunnen!

Tiramisu fra bunnen!

Vi hadde to gode kjøkken tilgjengelig, og hadde også med oss ei ivrig jente som sprang opp og ned for å hente det vi måtte trenge fra det andre kjøkkenet. Folk kunne komme og gå som dei ville, og gikk av og til opp og ned for å sjå kva som foregikk. Folk jobba godt med oppgavene dei blei satt til, og det blei laga både salat, falafel, blomkålssuppe, kyllingrett, laks med tilbehør, tiramisu og oreokake. I tillegg blei det også skjært opp grønsaker som folk kunne forsyne seg av. Litt før åtte sat dei fleste ved borda, og vi kunne endeleg innta måltidet som vi hadde gått og snusa på. 14 oppmøtte sendte rundt skåler med den velluktande maten, og også Jørn Kvalheim kom innom ein tur før han måtte videre til akutten der han skulle halde konsert.

folk kosa seg med mat!

folk kosa seg med mat!

Resten av oss sat igjen, og åt opp nesten alt saman, og folk blei gode og mette. Litt over ti gikk dei fleste til akutten, kor det blei musikk for alle penga. Kvalheim gjorde ein glimrande konsert, og det var god stemning i salen. Folk svingte noko på dansefoten, og sat også berre å prata. Det blei godt besøk, og dei fleste kunne sei seg fornøgd med en strålande markering av aktiviteter i Førde sitt første år som organisasjon.

full sving på akutten med Jørn T. Kvalheim

full sving på akutten med Jørn T. Kvalheim

Advertisements

Siste sjanse til å vinne premier

Gruppa har omtrent i eitt år hatt ein konkurranse gåande som alle medlemmer har kunne delta på. Oppgåva var å bidra til gruppa på ein eller annan måte. Det er mange måter dette kan gjerast på, for forslag sjå gjerne meir info på denne bloggen, det ligg ein eigen kategori kor det står “måter å bidra til gruppa på”.

Personen som stikk av med førstepremien, vil bli annonsert imorgon. Den heldige vinn då eit gavekort på 500,- som kan brukes på alle handelshusa. Alle har sjanse til å vinne, men dersom ein person har bidratt mykje, får han fleire “stemmer”. Pr. dags dato har 70 svara ja på at dei har bidratt, det er også nokre auto-nominasjoner i tillegg (som ikkje har svara ja, men som fortjener å vere med i konkurransen). Det har så langt vore eit flott engasjement hos mange av deltakerene, og nokre fortjener ekstra stor takk for å ha bidratt mykje. Vi set like stor pris på alle som har gjort noko, om det så er å fortelje om gruppa til kjende, og vi er glad for at alle som har møtt på treff, nesten uten unntak, har møtt opp fleire ganger, då vi ser dette som eit teikn på at det vi har fått til så langt, har vore vellukka. Det har blitt mykje latter, samarbeid og læring. Sidan vi har hatt fleire kurs, sit fleire medlemmer no med kunnskaper om korleis ein fletter hår, lage kort, hekling og korleis en pynter cupcakes. I tillegg har dei fleste blitt kjend med nye fjes, og alle har vore like velkomne kvar gong. te HistorienOmPi

       Boka historien om Pi, hardcover ting_web_butikker_forde_290x360

vekt

Premiene er: Bok fra norli, gavepakke fra Sunkost, Mozel (kle) og fra Kremmerhuset, tesett fra Ting og ei elektrisk kjøkkenvekt. Det blir også nokre småpremier som fordeles utover dagen.

Sosiale aktiviteter er meiningsfulle!

208358_451146181605478_44759584_nKva slags minne sit ein ofte igjen med etter at ein dag er slutt? Og ikkje minst, når vi er gamle og grå, kva vil vere våre beste øyeblikk? Dette kan naturlig nok variere fra person til person, men skal ein tru “A christmas carol” er det ikkje penger, status eller eit fint hus som gir lykke. Ein av ingrediensene til det gode liv er kanskje nettopp å vere saman med andre. Korleis kjennes ikkje ein god latter i eit fellesskap der man føler seg heime og trygg? Vi ønsker MEIR av dette i ei tid då mykje kommunikasjon foregår gjennom nett. Vi har mindre tid, og dette kan vere ei god løysning i mange høve, men treng vi ikkje også andre former for kontakt?

Helga som kjem lager vi til diverse aktiviteter og kurs som forhåpentligvis kan interessere fleire, folk i alle aldre og “lag”. Vi har sålangt mange forskjellige medlemmer, med alt fra psykolog, data, sosionom til festival-arrangører med i gruppa, og dette mangfaldet er nettopp det som gjer at alle kjenner seg velkomne. Kvar gang kjem det nokre nye mennesker med forskjellige interesser, og slik ønsker vi det skal fortsete.

Laurdag feirer vi at gruppa har eksistert i ett år. Vi håper det blir fleire, men er avhengig av DEG for å få det til!
Sjåast laurdag  (kronborgvegen, ved sidan av elkjøp & coop xtra)

2 februar

klikk på denne linken for eit meir detaljert program Her kan dykk sjå timeplanen for kommande laurdag på Førde camping.

Det blir matlagingskurs, fotokurs, stressmestringskurs (for alle) i tillegg til aktiviteter som går heile dagen:

Utstilling av biologisk mangfald for barn

Scrapbooking (også for barn)

Brettspel (også for barn)

Fra kl 19.00 er det middag i romslige festlokale, der vi et treretters middag laga på kurset, og folk tar sjølv med drikken dei ønsker. For dei som vil, blir det konsert på Akutten pub, med Jørn Kvalheim fra Måløy (les meir på www.artistar.no under pub).

For dei som kjem langvegs fra blir det tilbudt overnatting i hytter gratis (sponsa av gruppa).

påmelding til:

aktiv.forde@gmail.com eller på telefon: 94128254

Middag med matlaging, oktober 2012

Middag med matlaging

matOver 20 glade Sunnfjordiger møtte til cup-cake baking (og pynting) og til miksing av drinker, pluss ein etterfølgende middag ein haust-dag i oktober. Vi hadde lånt lokale ved sidan av trapp ned, og hadde derfor kort veg til pikant for dei som ønska å fortsette kvelden aliasvidere etter at middagen begynte å gå mot slutten.

Det blei også tid til brettspel (ordspelet Alias, kor ein prøver å få andre til å forstå kva slags ord ein meiner, ved å bruke andre ord).

 
lag cupcakesMange møtte opp for å hjelpe til med matlaginga og til å lage drinker. Nokre blei særs ivrige når cupcakes kom på bordet og skulle pyntas med diverse typer glasur og tilbehør.

Det var spisbrei enighet om at det var særs velsmakende cupcakes til å være første gangen det blei utført i praksis. To fra gruppa hadde tidligere på dagen vore på bilmesse i Førdehuset, der det blei demonstrert korleis ein kunne gå til verks, ved pynting av desse lekkerbiskene. Det blei kjøpt med fire velpynta eksemplarer av kalori-bombene, som vi brukte som mal når vi skulle lage våre egne varianter.

Tilbakemeldinger fra kvelden var at det hadde vore kjekt å vere med fra start til slutt. Folk fekk prata med både kjente, men stifta også nye bekjentskaper. Fleire sa at det var eit bra tiltak, og at det skjer for lite i Førde. Mange hadde kjent på ei følelse av fellesskap, og syns det var moro at ein ikkje trengte å kjenne nokon fra før, sidan alle nye blei godt tatt imot.

Alle meinte: Dette må vi gjere fleire ganger!